XSAMSVAR

Søkjer etter ein verdi i ei eindimensjonal matrise og returnerer den relative plasseringa av elementet.

XSAMSVAR utkonkurer funksjonen SAMSVAR sidan han tillet søk ut frå søkjemodus.

Syntaks

XSAMSVAR(oppslag;matrise [; samsvartype[; søkjemodus]] )

oppslag: Verdien av kva type som helst det skal søkjast etter i matrise.

matrise: er referansen til matrisa eller området det skal søkjast i.

Samsvartype: (valfri) spesifiserer typen samsvar. Verdiane kan vera:

Søkjemodus: (valfri) spesifiserer kva søkjemodus som skal brukast.

note

Funksjonen skil aldri mellom store og små bokstavar, uavhengig av innstillingane i avkryssingsboksen Skil mellom store og små bokstavar i LibreOfficeDev Calc → Rekn ut.


note

Kva som helst av dei valfrie argumenta kan sløydast. Eit valfritt argument må innleiast med dei føregåande skiljeteikna.


Eksempel

Gå ut frå at vi har laga ein liten databasetabell i celleområdet A1:DO4 som inneheld grunnopplysningar om 118 kjemiske element. Den første kolonnen inneheld radoverskriftene «Element», «Symbol», «Atomnummer» og «Relativ atommasse». Dei neste kolonnane inneheld dei relevante opplysningane for kvart element, ordna frå venstre mot høgre etter atomnummer. Cellene B1:B4 inneheld for eksempel «Hydrogen», «H», «1» og «1,008», medan cellene DO1:DO4 inneheld «Oganesson», «Og», «118» og «294».

A

B

C

D

...

DO

1

Element

Hydrogen

Helium

Lithium

...

Oganesson

2

Symbol

H

He

Li

...

Og

3

Atomnummer

1

2

3

...

118

4

Relativ atommasse

1.008

4.0026

6.94

...

294


=XSAMSVAR("Atomnummer",A1:A4) returnerer 3, den tredje linja i A1:A4-matrida.

=XSAMSVAR("Li",A2:DO2) returnerer 4, den fjerde kolonnen i A2:DO2-matrisa.

Teknisk informasjon

tip

Denne funksjonen har vore tilgjengeleg sidan LibreOfficeDev 24.8.


Denne funksjonen er ikkje ein del av standarden Open Document Format for kontorprogram (OpenDocument) Versjon 1.3. del 4: Omrekna formel (OpenFormula)-format. Namnerommet er

COM.MICROSOFT.XMATCH